Laurdag 27. juni 2026

OPEN CALL - søknadsfrist 15. desember 2025

PAB søkjer kunstnarar til “Håsong 2026”, ein kunstfestival med fokus på performance, musikk, mat og kulturhistorie på Hosanger på Osterøy.

Kuratorar for performanceprogrammet er Else Karin Tysse Bysheim og Maia Birkeland, på vegne av festivalarrangør Osterøy Kunstlag.

Les meir eller søk her!

BILLETTAR TIL KONSERT MED BJØRN TOMREN

HÅSONG 2026
laurdag 27 jun 2026 17:00

KJØP BILLETT

HÅSONG 2026
laurdag 27 jun 2026 09:30

REIS MED DS OSTER TIL HÅSONG

KJØP BILLETT

Håsong 2026 - 27.Juni

Ein intim éindagsfestival med fokus på kunst-, mat- og musikkopplevingar av høg kvalitet. Kulturhistorie ligg som eit kontekstuelt og konseptuelt bakteppe for festivalen. Særeigne arenaer som ombygd kiste- og møbelverkstad, gammal smie, naust, kyrkje, treskofabrikk og eit dampskip(!), i den idylliske, vesle bygda Hosanger på Osterøy.

Gjennom ein heil junidag kan sambygdingar og tilreisande vandra fritt i historiske omgjevnader, ta del i og få morosame, sanselege, interessante, bevegande og rare opplevingar servert av profesjonelle utøvarar innan kunst, musikk, kulturhistorie og mat.